Dei allierte stig i landForfattar: Reidar RostadTil Namsos kom allierte båtar og la til kaia med stor presisjon søndag 14. april. Og landsetting av engelske soldatar tok til. Odd Sæther var leder for fylkesbilkontoret i Namsos, og han vart rekvirert til å ordna transport for dei engelske troppane. Han kom dessutan med som kjentmann i staben til ”Hammon Bataljon of York and Lancaster Regiment”. Bataljonen oppretta først hovedkvarter på Vellamelen hos Einar Svarte. Seinare vart hovedkvarteret flytta til Brustu på Namdalseid, og sist i april til Bangsund.
Sæther fekk etter kvart ei svært viktig rolle hos dei allierte styrkane. Han har skrevi ei beretning om krigshendinga for etterkomarane sine. Han blir nemnt med ein svært interessant tittel, M. S. V. A. – mannen som veit alt.
|