Alliert tilbaketrekkingForfattar: Reidar RostadMinnetavle ved tidlegare Steinkjer gymnas.Dei allierte troppane heldt stillingane i Sprova heilt til beslutningen vart tatt om å trekke seg ut frå Namsos-området. Fasmer Dahl, språklærer ved gymnaset, møtte meg ved Velle skole. Han ville koma seg over fjellet til Bangsund for å møte dei allierte troppane. Han fekk låne ski, stavar og lue av meg. Men han kom nok for seint over. Om kvelden himmelfartsdag 2. mai vart dei engelske og franske troppane skipa ut frå Namsos. Mellom dei som gikk om bord for å bli frakta over til England, var Tobby Rønning frå Beitstad.
Ein sein kveldstime eit stykke ut i mai kom den store tyske bataljonen med infanteri, artilleri og militære kjøretøy på marsj nordover. No var vi okkupert.
Dei store snømengdene frå den strenge vinteren var smelta. Jorda låg berr og grå og venta på våronn. I samvirkebygget på Vellamelen kom ein gut til verda. Ein tysk soldat gløtta på døra og såg at han ikkje hadde noko der å gjera. Livet gikk sin gang.
|