Starten på vannkraftutbygginga i OgndalDetalj frå teikning av: ”Ogndalens kraftanlæg – Utbygning av HAVDAFOS. Længdeprofil av TURBINLEDNING og TUNNEL Lustadvand – Hyttefos”. Teikning frå Odd Erling Saksvoll.
(Klikk på teikninga for større målestokk).I boka ”Bekken og kvennkallen” står det noko om dette. Men det var ein lang prosess i kommunen før det kom til noko utbygging, og det kan være av interesse å sjå litt på kva for problemer dei stridde med og kva for holdninger dei hadde.
I bind II av ”Bygdebok for Sparbu og Ogndal” har Tormod Aarholt skrive nokså utførleg om denne epoken i bygda. Dette er såleis kilde for mykje av denne artikkelen av Lars Petter Tønne.
Ogna har eit nedslagsareal på 570 kvadratkilometer. Av dette utgjer
Rokta 160 km2, Havda 70 km2 og Mokkaelva 40 km2.
Etter oppdrag frå Ogndal herredsstyre har amtsingeniør Munch i 1907 utarbeidd planer for utbygging av Havdfossen, Skillegrindfossen, Støafossen og Fossemfossen, og regulering av vassdraget, m.a. med oppdemming av Lustadvatnet og Mokkavatnet. Dette var truleg ikkje med tanke på eiga utbygging, men at dei tenkte på utleige.
Dei hadde før dette hatt mange tilbod frå folk som ville leige fossefalla. Millom dei var det eit selskap som hadde gjort nokre skjerp i det gamle gruveområdet, (Nyskjerpet), der millom andre redaktør Andersen var med. Dei søkte og kommunen om fri grunn til anlegg av ein ”Toug eller skinnebane fra Stenkjær og opover”. Og i 1909 ber dei og om tilbod på utbyggingsrett i dei øvste fossane, Havdfossen og Skillegrindfossen, samt tomt til smelteverk.
Men kommunen var skeptisk til planene, trass i sine eigne planer for elva. Den viktigste grunnen til dette var nok den nye konsesjonsloven som vart vedteke i Stortinget i 1909, og i desember forespør dei Justisdepartementet om det etter denne loven kan leigas ut ikkje utbygde vassfall for eit bestemt tidsrom.
Svaret var eit klårt nei.
Etter å ha drøfta situasjonen vedtok dei da å sende ei oppmoding til Stortinget om å endre loven slik at kommunane kunne få løyve til slik bortleige. ”Dette var nok et fåfengt forsøk på nærmest å endre terrenget etter kartet”.
 |
|